Dokument er frigjevne

PP-tenesta i Ørsta og Volda kollapsa

Nyleg frigjevne dokument syner at pedagogisk/psykologisk-teneste i Ørsta og Volda kollapsa. Frå 1. august vart tenesta slått saman med Ulstein og Hareid.

kontrollutvalet: Heile PPT-saka har vorte presentert for kontrollutvalet. Saka kjem opp som referatsak i kommunestyret torsdag.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Historia viser at det ikkje har vore mogleg å få til eit tenestetilbod som kan levere kvalitativt gode tenester over tid. Dette er dokumentert både i brukarundersøkinga og organisasjonsanalysen frå Stamina Census. I tillegg har tenesta hatt store utfordringar knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet, skriv personalleiar Idun Lee Hoset i eit internt notat datert 26. januar i år.