Skeptisk til gapahuk ved Klokksegga

Klokksegga: Her ynskjer Saksa Turstiforeining å byggje ein gapahuk i stein.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Saksa Turstiforeining har søkt om løyve til å sette opp ein gapahuk ved Klokksegga. Det er snakk om ein gapahuk av stein med torvtak, som skal verte plassert slik at han fell fint inn i terrenget og vert lite synleg. Storleiken på gapahuken er 2,5x4 meter, og høgda er 2,2 meter på det høgste. Fylkesmannen i Møre og Romsdal skriv i eit brev til kommunen at dei ikkje vil klage på dispensasjonsvedtaket, dersom kommunen sikrar at tiltaket held seg innanfor storleik, materialbruk og plassering som det er søkt om. Dei stiller likevel spørsmål om det er nødvendig med ein gapahuk i dette området.

– Er det nødvendig og ønskjeleg med den auka tilrettelegginga i naturen som synest å vere ein trend i tida? Når folk går i fjellet, bør dei uansett vere rusta for vêr og vind. Og sjølv om dei set pris på ly for vêret når dei et nista si, går det ei grense for når tilrettelegginga øydelegg nettopp for dei opplevingane folk oppsøkjer naturen for, kommenterer dei.