Klart til skulestart

Paviljongen ved Øyra skule er pussa opp og er klar til skulestart.

Paviljong: Paviljongen ved nye Øyra skule er pussa opp. Foto: Volda kommune/Anne Mari Falkevik  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Etter at skulen tok i bruk nybygget, har entreprenøren i løpet av våren og sommaren renovert paviljongbygget fullstendig både innvendig og utvendig, skriv Volda kommune.

I samsvar med kontrakt tok kommunen over paviljongen frå entreprenør den 01.08. Paviljongen framstår med ny planløysing, nye tekniske installasjonar og oppgraderte konstruksjonar både i veggar og yttertak. Sambandet frå paviljongen over til nybygget er også etablert i løpet av sommaren.

Små etterarbeid går føre seg akkurat no, men paviljongen vil vere klar slik at skulen kan ta den i bruk ved skulestart.

Paviljongen inneheld lokale for Kunst & Handverk og helsesøster.