Føreåtrøystinga i gang

Torsdag vart det opna for førehandsrøysting i Ørsta. Folk kan førehandsrøyste til og med fredag 8. september.

Førehandsrøysting: Aslaug Marie Øyehaug, varaordførar Karen Høydal og Per Arne Sørheim ser til at Fredric Holen Bjørdal røystar slik han skal.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) var ein av dei fyrste som nytta seg av sjansen til å førehandsrøyste på sørviskontoret til Ørsta kommune på rådhuset.

– Eg førehandsrøystar for å vere heilt sikker på at eg får røyste. Det er sannsynleg at eg er i Ørsta valdagen, men under valkampen kan ein aldri vite. Det kan vere at eg er på Smøla, seier Holen Bjørdal.

Laurdagsope

Folk kan førehandsrøyste på sørviskontoret alle kvardagar i den vanlege opningstida. I tillegg vert det ein dag med langope, den 7. september. Det vert også opna for førehandsrøysting laurdag 2. september.

Vidare vert det førehandsrøysting i Norangsfjorden på Urke grendehus den 7. september, og det er fastsett datoar der det vert førehandsrøysting på institusjonane. Informasjon om dette er på kommunen sine heimesider.

– Folk kan også søkje om å få røyste heime, fortel Elisabeth Sæbønes på sørviskontoret.