Dale til countryfestival

Mat og landbruksministeren har leita fram cowboyhatten.
Nyheiter

Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale har leita fram cowboyhatten. Han er klar for Trandalkøntri.

Laurdag 12. august vitjar landbruks- og matminister Jon Georg Dale den vesle bygda Trandal i Hjørundfjorden for å vere med på årets countryfestival, melder Ørsta Framstegsparti.

Den veglause bygda Trandal med sine åtte innbyggjarar har fleire store festivalar og arrangement gjennom året. Countryfestivalen er ein av dei årlege festivalane som vert arrangert til stor glede for artistar og besøkande.

Skaparvilje

– Kreativitet, ein dose galskap og gode hjelparar, saman med skaparvilje, skaper unike opplevingar i verdas vakraste fjord, Hjørundfjorden, heiter det frå Ørsta Frp.

– Levande og unike bygder med særpreg gjer landet vårt rikt. Det er fantastisk å sjå resultata av den frie skaparkrafta og kva slags krefter denne kan løyse ut, seier Hans-Olav Myklebust i Ørsta Frp.

 Han fortel at landbruksministeren vil ta del i ymse countryrelaterte aktivitetar under opphaldet på Trandal.