Treng nytt kjøkken ved Ørstaheimen

Mattilsynet gir dispensasjon i to år for vidare drift av kjøkkenet ved Ørstaheimen. Då vert kjøkkenet stengt.

Ørstaheimen: Mattilsynet har gitt dispensasjon for to års vidare drift av kjøkkenet ved Ørstaheimen. 

Nyheiter

– Det må verte lagt planar for eit nytt kjøkken for å oppretthalde kjøkkendrift i framtida. Om eit nytt storkjøkken kan sjåast i samanheng med skular eller andre driftseiningar, vil det mogleg gje ei betre synergieffekt med omsyn til kostnader, drift, opplæring og rekruttering, skriv prosjektutviklar/prosjektleiar eigedom Ivar-Otto Kristiansen i eit internt notat til Ørsta kommune.

Det var i ein rapport frå Mattilsynet gitt eit vedtak som kunne føre til stening av kjøkkenet ved Ørstaheimen. Nokre av avvika vart løyste med ein gong, men tilstanden på kjøkkenet og tilhøva løyste også ut krav om bygningsmessige tiltak. Dei bygningsmessige tiltaka har vorte vurdert til å ikkje la seg løyse grunna manglande høve til utbygging og kostnadsvurderingar.

– Kjøkkenet er i ein slik tilstand at det vil verte naudsynt med skifte av kjøler, golv, garderobar, toalett med vidare om kort tid. Dette sjølv om det hadde vore mogleg å byggje på eksisterande kjøkken, skildrar Kristiansen, som vurderer følgjekostnaden ved tiltak på staden til å gå langt utover forsvarlege rammer.

– Eg vurderer det som lite føremålstenleg og framtidsretta å nytte meir midlar på kjøkkenet enn det som skal til for å stette kortsiktige krav.

Det er gitt ein dispensasjon for drift av kjøkkenet i to år, men då må det ligge føre ei løysing av permanent art.

– Det er naudsynt å sjå på andre lokalitetar for kjøkkenet, noko som er mogleg ut frå funksjonen til eit storkjøkken og art av produksjon. Utbygging av eksisterande kjøkken er ikkje mogleg innan gitte rammer.