– Pukkellaksen må vekk frå Ørstaelva

– Pukkellaksen har ingenting her å gjere, så me gjer det me kan for å unngå at han etablerer seg i elva.

fanga fisken: Sindre Moe sitt bilete av fem pukkellaksar han har fått til no.  Foto: Privat

Nyheiter

Det seier Sindre Moe, styremedlem i Ørstaelva Elveeigarlag.

– Problemet er at me veit lite om pukkellaksen, og forskarane veit nesten like lite. Det me veit, er at når hannen gyt, døyr han etterpå. Teorien går då ut på at den døde fisken kanskje spreier sjukdomar til villaksen, noko me er redde for. Me har funne mistenkelege døde småfiskar i elva, som kan bety at teorien stemmer.

– Han har brukt å vore i Finnmark, men aldri har han gått så langt sør. I alle fall ikkje i slike førekomstar som no.

– Dessutan er han er i alle elvane. Både Vartdal, Sæbø, Kile og Syvde fortel at dei har fått han.

Moe seier at dei prøvar å få has på han, og at dei har fått åtte pukkellaksar sidan torsdag i førre veke.

– Me har prøvd med kastenot, men straumen er altfor sterk. Det er umogleg å få til. Trollgarn er det som fungerer.

– Løyvet vårt gjenge ut i dag (måndag), så me skal søkje til fylkesmannen om å få minimum ei veke til. Det løyvet reknar me med å få, for dette er ein svartelista art som må vekk.