Statsråd Jon Georg Dale vitja Sundal kraftverk

– Kraftverket har vore ein suksess

– Sundal kraftverk, og dei fire andre kraftverka vi er involverte i, har vore ein økonomisk suksess, og dei gjev kraft samla til 2.600 bustadhus.

Inntak: Ved inntaksdammen til Sundal kraftverk. Trond Ryslett (nærmast) orienterte mat- og landbruksminister Jon Georg Dale og følgjet.  Foto: Rune Sæbønes

Eg er oppteken at vi i Noreg skal utnytte naturressursane våre. Den norske velferda er bygt på bruken av naturressursane. Det er slik vi kan skape vekst

Landbruksminister Jon georg Dale

rammevilkår: Kraftverkseigar Endre Sætre ynskjer endringar i spesielt landbrukspolitikken, og bad rådgjevar Margrete Dysjaland og landbruksminister Jon Georg Dale om hjelp.  Foto: Rune Sæbønes

Kraftstasjon: Trond Ryslett fortel om kraftproduksjonen til statsråd Jon Georg Dale.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det fortel Trond Ryslett, dagleg leiar for Sundal kraftverk i Austefjorden.

Torsdag tok han i mot mat- og landbruksminister Jon Georg Dale til ei synfaring til kraftverket i Sundalen. Ryslett kunne fortelje om ei suksesshistorie som har gjeve tolv grunneigarar knytt til Sundal kraftverk ei viktig tilleggsinntekt.

Føreseielegheit

– Og kraftverksinntektene skaper føreseielegheit som sikrar busetjinga, sa Ryslett.

Sundal kraftverk stod ferdig i 2006, og det har vore god økonomi i prosjektet. Likevel var Ryslett oppteken av det vert skapt føreseielegheit for bransjen.

– Med den førre regjeringa opplevde vi at rammevilkåra endra seg heile tida, fortalde han.

Han peikte på innføring og endringar i grunnrenteskatten, endringar i ordninga med grøne sertifikat osb.

– Den regjeringa du representerer har hatt ein mykje meir føreseieleg politikk, sa Ryslett.

Sertifikatordninga

Akkurat no er det gode prisar for kraftverka, der dei ligg på om lag 25 øre per kWh. Det som uroar, er sertifikatordninga. Ordninga med grøne sertifikat er felles for Noreg og Sverige, og vert finansiert av forbrukarane. Inntektene frå sertifikatordninga har gjeve eit vesentleg påslag tidlegare.

– Men i vinter kollapsa ordninga. Det har samanheng med ein sterk vekst i produksjon av kraft frå svenske vindkraftverk. Det har vorte for mange kraftverk i ordninga, og prisen i sertifikatordninga ligg no på fem øre, fortalde Ryslett.

Landbrukspolitikk

Det er mange som har satsa på kraftverksinntekter i Austefjorden og i Bjørke-området. Endre Sætre er medeigar i Vågen kraftverk på Bjørke.

– Eg ynskjer endringar i regelverket om konsesjon og buplikt m.a. Det er lite vilje til nytenking i distriktspolitikken. Alt er fokusert på landbruk, men for lite på tilrettelegging for andre næringar i distrikta, som turisme, sa Sætre.

Dale var ikkje usamd.

– Eg er oppteken at vi i Noreg skal utnytte naturressursane våre. Den norske velferda er bygt på bruken av naturressursane. Det er slik vi kan skape vekst, for naturressursane er der dei er, og er mindre utsett for utanlandsk konkurranse, t.d. frå Asia, sa Dale.

Han peika vidare på at Framstegspartiet har prøvd å endre regelverket for konsesjonar i landbruket og ordninga med buplikt.

– Men der seier fleirtalet på Stortinget noko anna, sa Dale.

Etter ei omvising ved inntaksdammen til Sundal kraftverk, vart Dale teken med til sjølve kraftstasjonen. Der fekk han sjå at kraftverksutbygginga også har gjeve andre ringverknader.

– I dette området såg det ikkje ut tidlegare, med ei høg reine. Vi har fått planert ut, og fått laga til meir innmark for den nærmaste garden. Kraftverksutbygginga medførte også at vi fekk sikra ei god drikkevasskjelde for området, sa Ryslett.