Har fått ny medeigar og aukar talet på tilsette

Sterk Bjørdal-vekst

Bjørdal Industrier i Hovdebygda hadde ein vekst på førti prosent i fjor.

Notvaskar: Bjørdal Industrier har spesialisert seg på notvaskarar. For nokre år sidan leverte bedrifta verdas største notvaskar (bildet) med ein kapasitet på 37 kubikk som kunne vaske 16 tonn not frå oppdrettsanlegg.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Bjørdal har ei rekkje gigantiske notvaskarar i produksjon

Nyheiter

Driftsinntektene auka frå 58,8 millionar i 2015 til 83,3 millionar i fjor. Det er betydeleg meir enn venta. Resultat før skatt vart i 2016 på 4,3 millionar mot 2,5 millionar i 2015, syner rekneskapen. Ifølgje dagleg leiar Bjørn Meek ligg det i år an til at omsetninga og lønsemda vert på linje med fjoråret.