Vegen stengt i Vatnedalen

Eit steinsprang har gått over vegen.

Vatnedalen  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det har gått eit steinsprang over vegen i Vatnedalen, og teknisk vakt opplyser til Møre-Nytt at vegen mellom Vatne og Hunnes er stengt.

Steinspranget har gått ved Vatnesvingane. Det er ei blokk som har rasa ut. Blokka har treft vegen, og slått hol i asfalten. Kommunen vil ikkje opne vegen i dag. Det vil verte teke kontakt med geolog for å få ei vurdering om det er fare for fleire steinsprang. Vegen vil ikkje verte opna før den vurderinga er gjort, opplyser Ørsta kommune.