Registrert revisor Per Lystad har utvikla analyse-verktøy

Enklare å vere revisor

Registrert revisor Per Lystad har utvikla eit analyseprogram og andre hjelpemiddel-verktøy for arbeid med revidering av rekneskap.

Revisjon: Registrert revisor Per Lystad har utvikla eit dataprogram som gjer arbeidet med revidering av rekneskap meir effektivt. 

Nyheiter

– Bruk av programmet gir ein effektiviseringsgevinst slik at revisjonsarbeidet kan gjerast raskare, fortel Lystad. Det gir også ei betre oversikt.

Det er seks år sidan Per Lystad, som kjem frå ein foto-familie i Ørsta, vart utdanna revisor, i tillegg til at han frå før er autorisert rekneskapsførar. Lystad er tilsett i Revisorgruppen Møre AS si avdeling i Ulsteinvik men har også kontor i Volda.

Lovar og reglar

Revisoren er han som går gjennom rekneskapen til eit selskap og kontrollerer at alt er som det skal vere i forhold til lovar og reglar.

Revisoren skal også kontrollere at rekneskapen er korrekt bygt opp i forhold til kva som er bokført. Arbeidet er ofte omfattande og tidkrevjande. Og det handlar om prioriteringar over kva område i rekneskapen revisoren må jobbe mest med. God planlegging er då viktig. Per Lystad brukar dataprogrammet excel når han driv revisjonsarbeid. Då han starta som revisor følte han etter kvart behov for at ting burde kunne gjerast meir effektivt. Lystad byrja å jobbe for dette, og gradvis har han utvikla eit analyseprogram og hjelpemiddel for revisjonsarbeidet der gevinsten altså er at arbeidet kan gjerast meir effektivt og raskare. Programmet analyserer rekneskapen på fleire nivå, heilt til kontornivå, og planlegginga av revisjonsarbeidet vert betra.

– Det handlar om klipp og lim inn, og fem års saldobalanse vert lagt inn i ein excelmodul med mange rapportar og diagram. Ein får då raskt ei god oversikt over rekneskapen. For dei som kan å bruke excel er programmet svært enkelt å bruke, og samanlikna med dei som jobbar med PDF, sparer ein mykje tid, seier Lystad.

Rapportar

Ved revisjonsarbeidet er det også veldig effektivt å hente inn databasen frå rekneskapssystemet og nytte avansert excel med filter og pivottabellar for å lage sine eigne rapportar. Dette har han gjort i fleire år og laga seg standardiserte rapportar som er veldig raske å få fram. Å bruke hovudboka i pdf-fil er treigt og tidkrevjande, og gir dårleg oversikt.

Per Lystad har alltid vore interessert i data og rekneskap, og å få system til å fungere optimalt. På skulen var matematikk det han ivra mest etter og der han gjorde det best.

Lystad reviderer mange rekneskap i løpet av eit år. Han opplever variasjon i kvaliteten på rekneskapskontora sine arbeid.

– Det er både flinke og dårlege rekneskapsførarar, men flest flinke, fortel Lystad som har ei ansvarsfull oppgåve som kontrollør av rekneskap.

– Det største beløpet eg har retta opp er på 700.000 kroner som var ført feil. Dette kom selskapet til gode, fortel Lystad som også har utvikla rekneskapsprogram i excel der ein enkelt kan importere alle bankbillaga for ein månad frå ei excelfil frå nettbanken via ein konverteringsmal og direkte inn i rekneskapen.

– Ein slepp då å leggje inn tala manuelt, noko som ofte kan føre til feil. Og det kan ta tid å finne feilen. Ved import frå nettbankfila vil bankkontoen alltid stemme, og avstemming av banken er unødvendig.