Kontrakt på tre kaier

A. Våge AS i Volda har fått kontrakt på tre kaiprosjekt med eit samla areal på 2.000 kvadratmeter.

Skipavika: A. Våge AS skal levere endå ei kai til Skipavika Næringspark AS i Gulen i Sogn og Fjordane (bildet). Dette er det sjuande prosjektet A. Våge har ved anlegget i Gulen. Illustrasjon  Foto: Illlustrasjon

Nyheiter

Det skriv Volda-bedrifta i ei pressemelding. Kontraktane er kontraherte i samarbeid med Ing. L. Nes AS Ålesund.

Det er desse tre prosjekta bedriftene har fått kontrakt på:

Utviding av kai for kjettinghandtering for Skipavika Næringspark AS i Skipavika i Gulen i Sogn og Fjordane.

Ro-ro-kai til Nordtrøndelag Havn Rørvik IKS.

Tunglastkai til Nordtrøndelag havn Rørvik IKS.

Kaia i Skipavika er den sjuande A. Våge AS har utført for Skipavika Næringspark. Kaiene i Rørvik er store prosjekt med ein samla storleik på over 40 mill. kroner, heiter det i pressemeldinga.

- Med dette stadfestar vi posisjonen vår i marknaden som ein konkurransedyktig og stabil kaientreprenør, og i ein usikker marknad har vi sikra oss godt arbeid i lang tid framover, skriv A. Våge AS.

A Våge AS har over 60 års fartstid i bygg- og anleggsbransjen, og har hatt kai som spesialfelt dei siste tjue åra. Verksemda har levert over 100 kaiprosjekt med eit samla kaiareal på godt over 70.000 kvm, i tillegg til mange andre prosjekt.