– Drosjetilbod må gjelde alle

Drosje-for-buss: 21. august i år vert det oppstart for drosje-for-buss (Ørsta-Sæbø). Ørsta kommune tek på seg ein kostnad på 20.000 kroner i år, og finansiering frå 2018 vert lagt inn i driftsbudsjettet. 

Nyheiter

Eit samla formannskap i Ørsta er positive til oppstart av drosje-for-buss mellom Ørsta og Sæbø, men understrekar at tilbodet ikkje må vere ekskluderande.

– Det er få kommunar som er med i denne ordningar, og det er eit initiativ som er positivt, sa ordførar Stein Aam.

Karen Høydal (Ap) understreka at tilbodet må gjelde for alle, også på laurdagar.

– Og alle må kunne bestille drosje på same måte, sa Høydal.

– For at eit slikt tilbod skal fungere må det vere tilgjengeleg og ikkje så lang bestillingstid. Dette er eit viktig tilbod for ungdomen, men også for andre. Vi manglar offentleg kommunikasjon mot Sæbø, og det er eit behov som byrjar å melde seg, sa Odd Magne Vinjevoll (Frp).