Godkjende plan for E39 Moldvikneset–Masdal

Ørsta kommunestyre har samrøystes vedteke detaljreguleringsplanen for E39 Moldvikneset–Masdal.

Veg: På strekninga Molvikneset-Masdal skal nokre svingar utbetrast.  Foto: Statens vegvesen

Nyheiter

Det er Statens vegvesen som har utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for E39 Molvikneset– Masdal. Føremålet med planarbeidet er å betre trafikktryggleiken på strekninga gjennom m.a. å rette ut spesielt to kurver, auke breidda på vegen og betre samsvaret mellom horisontal- og vertikalgeometri. I tillegg vert det lagt opp til å justere busslommene og avkøyrsler.

Det er utført støyberekning for strekninga som syner at eitt hus ligg innanfor raud støysone, og to hus (i eitt tun) ligg i gul støysone. Vegvesenet vurderer lokal støyskjerming som aktuelt tiltak.

Kulturminne

Det er også gjennomført arkeologisk registrering i området, og det er gjort funn av to automatisk freda kulturminne ved busslommene. Fylkeskommunen har gitt dispensasjon frå kulturminnelova for dei delane av kulturminna som er i konflikt med utbygginga.