– Kjekk og aktiv utedag

Tysdag hadde åttandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule aktivitetsdag med natursti, opplæring i førstehjelp og laging av seljefløyte ved Hovdevatnet.

Å bruke ein heil skuledag ved Hovdevatnet er ingen problem

Nyheiter

– Hovdevatnet er svært godt eigna og tilrettelagt plass for å ha slike dagar. Vi var nesten fulltalige som nytta sykkelen for å kome oss til og frå Hovdevatnet. Elevane stilte med syklar og hjelmar i staden for at foreldra køyrer dei i bilar. Dette er ein del av trimmen og aktiviteten på tvers av klassene. Det var nesten ingen bilar å sjå, og det er slik det skal vere, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold.

Målet med aktivitetsdagen er å fremje glede over fysisk aktivitet og å vere ute i naturen. Det var lagt opp til mange aktivitetar for dei fire åttandeklassene.

– Elevane var gjennom ein natursti. Her nytta elevane seg av mobiltelefon til å legge inn svara på spørsmåla, og då kunne lærarane raskt halde seg oppdatert på om elvane hadde svart riktig eller gale på spørsmåla. Elevane fekk og testa ferdigheitene sine då dei skulle prøve å lage seljefløyte. I tillegg hadde vi ein post der elevane fekk innføring i hjarte- og lungeredning.

Dei ulike elevgruppene rullerte mellom aktivitetane, og det var og tid til felles matpause ved den kommunale badeplassen.

– Med tilgang til toalett og ulike grillstadar er Hovdevatnet eit flott område. Det er og sett ut bosbytter som gjorde at det er svært enkelt å rydde etter seg.

Aktivitetsdagen til åttandeklassingane ved Ørsta ungdomsskule vart ein suksess, og det var mange blide andlet å sjå då skuledagen var over.

– Ein slik aktivitetsdag handlar om opplevingar, og å få vere med på aktivitetar som både er spennande og utfordrande. Det å bruke ein heil skuledag ved Hovdevatnet er ingen problem. Eg skulle gjerne sett at det var meir av slike aktivitetsdagar, og dagar det vi flytta klasserommet ut. Vi er heldige i Ørsta som har mange flotte stadar som eignar seg godt til å drive uteskule. Gjennom ein slik dag får elevane samarbeide på andre område enn vanleg, og det har mykje å seie for miljøet.