Ho blir truleg ny høgskuledirektør

Får direktørstilling: Karen Lomeland Jacobsen blir truleg ny høgskuledirektør.  Foto: Privat

Nyheiter

Høgskulestyret vedtok torsdag å tilby Karen Lomeland Jacobsen (40) stillinga som høgskule-direktør.

Jacobsen bur i Volda og arbeider no i HELFO (Helseøkonomiforvaltninga), skriv høgskulen på nettstaden sin.

Ho har tidlegare hatt ei rekkje leiarstillingar i bank og forsikring.

Noverande direktør Jacob Kjøde jr har vore direktør sidan 2001. Han går no av med pensjon.

Økonomidirektør Ingunn Welle fungere vil fungere som direktør frå 1. august 2017 og fram til ny direktør er på plass.

Det var tolv søkarar på stillinga då søknadsfristen gjekk ut i mai.

Høgskuledirektøren er den øvste administrativt tilsette ved høgskulen. I mosetnad til rektoren, som er vald, er direktøren tilsett i åremål.