Cirkus Arnardo til Ørsta og Volda

Torsdag og fredag denne veka kjem Cirkus Arnardo til Ørsta og Volda.

Sirkus: Torsdag og fredag vil Cirkus Arnardo ha base i Ørsta og Volda. Pressefoto 

Nyheiter

Første stoppeplass er Ørsta og Utstillingsplassen før sirkuset beveger seg over kommunegrensa og har base ved Volda Vidaregåande skule fredag. Sirkuset reklamerer sjølv med at dei kjem med eit magisk parallelt univers.

– Det magiske ligg i det ekstraordinære, seier sirkusdirektør Arild Arnardo

– På mange måtar er sirkus eit lite steg bort frå den kvardagslege røynda, og viss du seier ja til å bli med på den reisa, så får du ei fortryllande oppleving, seier direktøren for Norges største sirkus.

Cirkus Arnardo er inn i sin 69. sesong, og dei lovar mange luftige innslag både i Ørsta og Volda.