Formannskapet sa ja til betre kinolyd

Utbetringa av kinosalen i Ørsta kulturhus vert 980.000 kroner dyrare om kommunestyret seier ja til betre lydanlegg. Formannskapet gjekk inn for ekstraløyvinga tysdag, men fleire politikarar er skeptisk til pengebruken.

Kinolyd: Formannskapet gjekk inn for å gje ei ekstraløyving på 980.000 kroner for betre kinolyd i Ørsta kulturhus. 

Nyheiter

Renoveringa av kinosalen i Ørsta kulturhus skulle koste 6,5 millionar kroner. I utgangspunktet var det sett ei ramme på ein million kroner inkludert mva. til innkjøp av ny kinolyd.

– Med den ramma var det ikkje rom for å få på plass Atmos (som er det ypparste av kinolyd), men i staden fornying av 7:1-lyd som det er i salen per i dag, i tillegg til klargjering av lokalet for oppgradering til Atmos seinare. Det vart lyst ut konkurranse til dei 4 leverandørane i marknaden i tråd med reglane i off. anskaffing, med Atmos som opsjon, heiter det i sakspapira.

Ein av tilbydarane gav eit tilbod på heilt ny lydpakke med Atmos til 691.220 kroner eksklusiv mva. Kulturhusleiar Janne M.G. Skarstein informerte formannskapet om kinolyden tysdag. I kostnadene på 980.000 kroner ligg nye lys i tak, nye lampettar i vegger, bygningsmessig arbeid for lyd og Atmos kinolyd.

– Hovudmålgruppa vår er unge vaksne og for dei er lyd viktig. Det er størst potensial i vekst i talet på besøkande om vi klarer å tilfredsstille den aldersgruppa som er mest oppteken av kvaliteten på lyden, sa Skarstein.

Frå eigedomsseksjonen vart det understreka at vil bli dyrare å installere Atmos ved eit seinare høve. Tilrådinga frå administrasjonen var positiv til ekstraløyvinga.

– Prinsipielt er eg samd med tilrådinga, men isolert sett er dette ein kostnadssprekk på seksten prosent. Skal vi sprekke seksten prosent på kvart prosjekt vert det dyrt. Likevel er eg oppteken av eit godt tilbod til unge og vaksne, sa Paul Kristian Hovden (KrF)

– Eg meiner og at vi må ha bremsen på, men har vi noko moglegheit til å gjere noko anna, sa ordførar Stein Aam. Hans Olav Myklebust (Frp) stilte seg positiv til ekstraløyvinga.

– Det er likevel klart at har vi mange prosjekt som har overskridingar må vi ta ei ny vurdering på kva investeringar vi skal gjere.

Formannskapet gjekk samrøystes inn for tilrådinga. Saka skal handsamast i neste kommunestyremøte.