Sæbø Fjordsauna ved Tommy Riise Olsen hadde søkt Ørsta kommune om dispensasjon frå reguleringsplanen for Sæbø sentrum for utlegging av flytande badstue. Bygginga av fjordsaunaen er godt i gang, og skal vere ferdigstilt seinast i starten av juni.

Samfunnsutvalet gjekk samrøystes inn for å gje dispensasjon frå reguleringsplanen, og uttrykte at dette er eit positivt tilskot til aktivitet og at det vil bidra til eit meir attraktivt Sæbø sentrum. Det vart påpeika at det berre er mindre ulemper knytt til tiltaket, men at fordelane med å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. Dispensasjonen som Sæbø Fjordsauna har fått er tidsavgrensa til fem år. Samfunnsutvalet har og gjeve fritak frå søknadsplikt om byggjeløyve grunna at tiltaket er relativt lite og enkelt.

– Vi må skryte av dette tiltaket, og det er ein kreativ og kjekk ide. Dette vil vere krydder for fleire enn dei som bur på Sæbø, sa Astrid Bjørdal (Ap)

Joachim Kroken Åsebø