Vil ha tiggeforbod i Ørsta

Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) vil ha tiggeforbod i Ørsta

Ønskjer tiggeforbod: Anbjørn Steinholm Frislid (Frp). 

Nyheiter

– Vanlege folk i gata har følt seg trakassert av pågåande «tiggarar», også i Ørsta. Dei slår seg ned i offentlege parkar, og parkane blir tilgrisa og forsøpla. Det er også ei kjent sak at bandane har drive med omfattande menneskehandel og annan kriminalitet, hevdar Frislid i ein interpellasjon til Ørsta kommunestyre.

Han meiner eit forbod mot tigging må til, og kjem med interpellasjonen etter NRK Brennpunkt-dokumentaren som knytte det rumenske tiggarmiljøet i Bergen opp mot eit organisert, kriminelt nettverk.

– For å sette ein effektiv stoppar for dei utanlandske tiggarane som oppheld seg i Noreg i dag må vi kriminalisere tigginga. Då vil ein kunne sende desse bandane ut umiddelbart, og samtidig sende eit svært tydeleg signal om at Norge ikkje lenger vil finne seg å bli grovt og kynisk utnytta av utanlandske kriminelle. Noreg kan ikkje vere ei frihamn for andre land sine kriminelle.

Stortinget har gitt kommunane moglegheit til å forby tigging lokalt. Frislid ber Ørsta kommune om å be om ei sak som tek sikte å innføre eit lokalt forbod mot tigging i Ørsta, og om å oppfodre Stortinget til å innføre eit nasjonalt forbod.