– I sum er vi godt fornøgde med korleis det har gått, når vi tek omsyn til dei endra vilkåra for ruta. Talet på avgangar er redusert, men flya som går no er bra fulle, seier Jørgen Nergård, rutesjef for kortbane i Widerøe, til Møre-Nytt.

Oslo-ruta har vorte råka av fleire negative ting om lag samtidig. Statsstøtta vart fjerna med verknad frå 1. april i fjor, og flypassasjeravgifta vart innført som følgje av semja om Statsbudsjettet for 2016. I tillegg gjekk trafikken ned som følgje av krisa i offshore- og oljenæringa.

Fleire andre endringar i avgiftssystemet for fly har også slått negativt ut for kortbanenettet.

– Samla sett har avgiftstrykket for Widerøe gått opp med 50 prosent dei siste åra, seier Nergård.

Prisane er problemet

Sjølv om det har vorte færre avgangar, er det prisane på flybillettane som har vore gjenstand for størst kritikk etter kommersialiseringa av Oslo- ruta.

– Våre kundar har eit sterkt ønske om å bruke Hovden og å flyge med Widerøe. Dei er veldig nøgde med det tilbodet som er her. Men slik det er no, er prisane for høge for mange. Fleire har auka fokus på kostnadar som følgje av at det går trått i delar av næringslivet, og det påverkar også valet av flyplass. Men eg trur det er store moglegheiter for Hovden, berre vi klarer å finne det rette prisnivået, seier Sindre Skurtveit, administrerande direktør i reisebyrået Berg-Hansen Nordvest AS.

Ifølgje han vel delar av næringslivet, og då særleg på ytre søre, oftare Vigra enn tidlegare. Då får dei ein lengre reiseveg, men ofte ein billegare flybillett med dagens situasjon.

– Denne kundegruppa har vore viktig for Hovden etter opninga av Eiksundsambandet, og vil også vere det framover, seier Skurtveit.

– Eg trur prisen er avgjerande for å få veksten tilbake på ruta, seier Odd Magne Vinjevoll, som representerer Ørsta næringskontor og Utviklingsforum for Hovden lufthamn.

– Vi vil gjere ei vurdering av prisnivået og sjå om vi ligg på det rette nivået i dag. Eg opplever ikkje at vi per i dag har veldig stor lekkasje til Vigra, seier Nergård.

Best i Noreg

Vinjevoll meiner lufthamna har alle føresetnader for å ta tilbake veksten.

– Vi har den best kortbanelufthamna i Noreg, med eit belegg (fyllingsgrad på flya, journ. merk.) på 68 prosent og ein regularitet på 98 prosent. Eg er glad for at vi no har ein god dialog med Widerøe om korleis vi skal legge til rette for vekst.

– Vi ønskjer å vekse og vi ønskjer å vekse på Hovden. Difor er vi glade for at vi kan ha eit slikt møte og få innspel frå dei som brukar rutene, seier Nergård.

Ordførar Stein Aam i Ørsta er optimist på vegner av lufthamna i Hovdebygda.

– Eg trur potensialet er stort, ikkje minst innanfor turisme. No jobbar vi med ein masterplan for reiseliv, og der trur eg absolutt Hovden bør spele ei rolle.