Det seier strategi- og utviklingssjef Arild Meisterplass i Coop Vest.

Fredag vart det kjent at Coop Vest stengjer Coop Extra-butikken på Amfi Ørsta 25. mars, altså før påske. Coop skal erstatte dagens Extra-butikk med ein ny butikk på den gamle Prix-tomta på Ose, ved sidan av Rema 1000.

Den nye butikken på Ose blir ein av dei flottaste i Noreg, lovar Coop Vest.

– Butikken vår på Amfi har ikkje hatt den same utviklinga som andre Extra-butikkar i vårt område, og vi har ikkje fått ein vekst som vi er nøgde med. Å ligge heilt inst i kjøpesenteret har vist seg å vere vanskeleg. Dette har vi teke konsekvensen av. Vi har hatt ein god dialog med Amfi i høve avvikling. Og no kjem ein vinn-vinn-situasjon då Europris flyttar inn i butikklokalet på Amfi. Dei har ønska seg større areal, fortel Meisterplass.

Dei tilsette i Extra-butikken på Amfi vert tekne vare på i høve lovar og føreskrifter.

– Dei fleste tilsette har fått jobb i andre Coop-butikkar i vår region. Vi ønskjer å gjere denne prosessen ryddig og skikkeleg, og vi går etter ansiennitetsprinsippet, fortel Meisterplass.

Han er overtydd om at ein ny Extra-butikk på Ose vil gje vekst på linje med andre Extra-butikkar.

– Vi ønskjer å satse i Ørsta og å etablere den største matvarebutikken i kommunen. Difor har vi også kjøpt tilleggsareal på Ose. Extra-konseptet går veldig bra og marknaden har teke godt imot dette. I Furene går butikken veldig godt. Der er omsetninga dobbel så stor som i butikken på Amfi-senteret, fortel Meisterplass.

Han legg til at den nye Extra-butikken på Eid, som vart opna i haust, går godt. Meisterplass har også gode voner til den nye Extra-butikken som opnar i Stryn om fjorten dagar.

Innspel

Prosessen med å få etablert ny butikk på den gamle Prix-tomta på Ose er i gang for fullt. Det har kome innspel til planen mellom anna frå Statens vegvesen.

Vegvesenet og lensmannen har sett seg imot å etablere innkøyring til butikken frå E39. Løysinga vert truleg innkøyring frå Melsvegen, på lik linje med Rema 1000. Det har også kome protestar mot utforminga på bygningen Coop har lagt fram i framlegget til reguleringsplan.

Flyttar: Europris i Ørsta skal flytte frå Helsehuset og etablere seg i lokala til Coop Extra på Amfi-senteret. Foto: Roy-Arne Folkestad