Scana Volda på offensiven etter tunge år

– Har fulle ordrebøker

Etter vanskelege år er Scana Volda på offensiven, og ordrebøkene for 2017 er snart fulle.

Synfaring: Volda formannskap besøkte tysdag Scana Volda. Der fortalde adm.dir Hallvard Pettersen (t.v.) om gode utsikter for bedrifta. 

Optimist: Adm. dir Hallvard Pettersen fortel om høg aktivitet på Scana Volda. 

Nyheiter

– Eg ser lyst på 2017. Vi har fullt trykk i produksjonen og kjem til å ha arbeid heile dette året, seier adm.dir. Hallvard Pettersen i Scana Volda.

Tysdag var politikarane i Volda formannskap på besøk på Scana Volda, der dei fekk orientering om bedrifta sin situasjon, i tillegg til omvising.

Det har skjedd dels store endringar for gir og propellanleggs-produsenten i Volda siste åra. 2013 og 2014 vart svake år for bedrifta og det vart gjennomført nedbemanning. No har bedrifta gjort fleire viktige grep som gjer at situasjonen ser lys ut. Hallvard Pettersen rosar dei tilsette for måten dei har takla snuoperasjonen på, noko som også førte til omorganisering av selskapet.

– Vi måtte tenkje nytt då den gamle organiseringa ikkje fungerte lenger. Vi har jobba knallhardt sidan 2014 og i fjor losna det i eit år då vi starta med permitteringar. Det er lagt ned ein vanvitig innsats frå dei tilsette, og offerviljen har vore stor. Folk her på huset er villige til å ta på seg ekstraoppgåver og å vere «potet», seier Pettersen nøgd.

Sjølv om dei siste åra har vore tøffe og tunge, finn direktøren god læring av motgangen.

– Eg set pris på lærdomen sidan 2013, sjølv om det var tider med både tårer og latter. Denne prosessen er ein god ballast å ta med seg vidare.

Oppkjøp

Ikkje minst er situasjonen lys for Scana Volda etter at Molde-verksemda Brunvoll AS før jul kjøpte aksjane i Scana Propulsion AS, og dermed også eig Scana Volda AS. Hallvard Pettersen meiner oppkjøpet styrkjer Scana Volda sin posisjon i marknaden.

– Vi kjem til å få større omsetning gjennom at Brunvoll og vi kjem til å vinne fleire prosjekt samla. Vi kjem til å bruke deira nettverk og agentar, noko som vil slå positivt ut. Dei to selskapa passar godt til kvarandre, og begge er gode bransjenamn. Vi kjem til å få synergiar for samarbeid innan innkjøp, produksjon, og utvikling og samarbeid i ettermarknaden mellom anna, seier Pettersen som konstaterer at marknaden ser positivt på oppkjøpet.

Oppkjøpet av Scana Propulsion er no godkjent av Konkurransetilsynet. Det juridiske og finansielle ansvaret av oppkjøpet kom på plass frå 1. januar, og no eig Brunvoll Scana Volda. Men fullt driftsansvar og overtaking vert gjort når rekneskapen og balansen for 2016 er godkjent av revisor. Dette vil vere på plass 15. mars. Då vert det også slutt på namnet Scana-Volda, utan at det er kjent kva det nye namnet på selskapet vert.

Brunvoll har også inngått ein opsjonsavtale om kjøp av Scana Eiendom Volda AS som eig produksjons- og kontorfasilitetene i Volda.

– Dette er eit teikn på at Brunvoll vil satse, kommenterer Pettersen.

Utfordringar

Sjølv om det ser lyst ut for Scana Volda, er der store utfordringar i ein marknad der også Volda-verksemda sterkt merkar nedgangen i offshore-marknaden. Dette har gjort at bedrifta no har sterkare fokus på andre marknader, og Hallvard Pettersen er glad for at det er auka aktivitet innan segmenta fiskefartøy, brønnbåtar og det som vert kalla dry cargo og passenger.

– Det er venta at offshore-marknaden vert fråverande i fleire år framover. Den globale byggjeaktiviteten er også på eit svært lågt nivå. Dei fleste reiarlag går gjennom ei finansiell krise som er i ferd med å gi strukturelle endringar i bransjen, konstaterer Scana Volda sin toppsjef.

For å vere sterk i konkurransen etterlyser Pettersen m.a. meir tydelege signal og fokus frå styresmaktene kring grøn teknologi. Også smidig eigedomsskatt og fleksible permitteringsordningar er moment Petterssen meiner er viktige.

Han er stolt av bedrifta han er leiar for. Kompetansen er høg:

– Når det gjeld komplekse girsystem er vi framst i verda.