To års fengselsstraff

Ein mann i 30-åra, busett i Volda kommune, er i Sunnmøre tingrett dømd til to år og fire månader i fengsel for ei rekkje lovbrot.

Dom: Ein mann i 30-åra er dømd til fengsel i to år og fire månader for ei rekkje lovbrot i Volda og Ørsta. 

Nyheiter

Mannen var m.a. tiltalt for å truga til seg ein bil ved bruk av skytevåpenliknande gjenstand, truga politibetjentar med motorsag, ringt politiet sin operasjonssentral og trua med å brenne ned asylmottaket i Volda, vald, innbrot, fleire biltjuveri og oppbevaring av narkotika. Mannen erkjente seg i retten skyldig i delar av tiltalen. Aktor la ned påstand om at mannen skulle dømmast til to år og seks månader i fengsel, og ei bot på 10.000 kroner.

I Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til to år og fire månader i fengsel. Vidare vart han dømd til å betale ei bot på 5.000 kroner, subsidiært fengsel i femten dagar. 271 dagar i varetekt kjem i frådrag frå dommen. Mannen vart og dømd til ein sperrefrist på to år for erverv av retten til å føre motorvogn. Mannen må ikkje betale sakskostnader, men må betale erstatning på 4.500 kroner til ein privatperson.