Endringa skjedde ved nyttår.

– Det er ein prosess vi har hatt over tid, der alle 17 kommunane som er med i samarbeidet har fått uttale seg. Endringa vart bestemt under årsmøtet i april i fjor, fortel reiselivssjef Geir Steinar Vik.

Endringa gjeld sjølve marknadsføringa. No vert alt materiale på heimesidene, kampanjar, brosjyrar og sosiale medium på nynorsk.

– Men vi er ikkje rigide. Dei som nyttar bokmål i administrasjonsspråket får framleis lov til det, fortel Vik.

Fram til 2009 brukte DÅS både bokmål og nynorsk, men frå 2010 gjekk dei over til å berre bruke bokmål. Frå nyttår er det altså nynorsk som er gjeldande i marknadsføringa.

Diskusjonar

Dei 17 kommunane som er knytte til DÅS er Ålesund, Giske, Skodje, Haram, Norddal, Stordal, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Ørskog, Sandøy og Ørsta.

Fleirtalet av kommunane er nynorskkommunar eller er språknøytrale.

– Vi har gjort litt undersøkingar undervegs i prosessen, og der er ikkje noko vi ser som klart og tydeleg favoriserer eitt av målføra før det andre. Mange bedrifter lykkast både på bokmål og nynorsk. Der har vore klare synspunkt i diskusjonane, i begge retningar. Språk skaper alltid engasjement, men vi er fornuftige i det heile, og legg vekt på at føremålet vårt ikkje er å utøve politikk, om det er om språk eller anna, men å bringe fleire tilreisande til vår region. Det har vi lykkast godt med, og det skal vi gjere vidare framover også – på nynorsk, slår Geir Vik fast.

Respekt

Styreleiar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Bjarne Rekkedal, er sjølv oppteken av språk i formidlinga, som drivar av Rekkedal Gjestehus.

– Vi ser på det som ein fordel å vere medvitne på språket. Det ville vere rart om vi, som er så stolte av lokal mat, ikkje også er stolte av vårt lokale språk. Men det er viktig at det som vert formidla også vert forstått. Vi snakkar ikkje kav dialekt eller skriv nynorsk for ein kvar pris. Det vil skape avstand og ikkje nærleik. Vi må vere medvitne på dette. Samstundes er dialekt og språk viktig som eigenart. Kva hadde til dømes Arne Brimi vore utan dialekten sin? Vi skal ha respekt for kvarandre sitt målføre. Det føler eg at vi får til i DÅS. Det er ikkje slik at om du får ein førespurnad på nynorsk, så kan du ikkje svare på bokmål, og omvendt. Bodskapen skal vere det sentrale, ikkje språket.

Ikkje konservativ

DÅS samarbeider med Nynorsk kultursentrum i Ivar Aasen-tunet for å få ein korrekt og god nynorsk i marknadsføringa.

– Vi har også valt ut ein eigen skribent som skriv om alt av tekstane våre. Vi føler at vi har lagt oss på ei fornuftig og god line med eit godt språk. Vi nyttar ikkje ein konservativ nynorsk, men på ein nynorsk som vi føler fungerer i dagleg bruk. Det handlar nettopp om det at vi er ein marknadsføringsorganisasjon som skal få fleire tilreisande til Sunnmøre, og vi er ikkje eit språkpolitisk verkemiddel verken for den eine eller den andre leiren, seier Vik.

Sjef: Reiselivssjef Geir Steinar Vik fortel at dei no endrar marknadsføringsspråk frå bokmål til nynorsk, men at dei som nyttar bokmål i administrasjonen framleis har høve til dette. Foto: Roy-Arne Folkestad