Trondheim-fly krev statsstøtte

Trondheim: Det vert neppe fly til Trondheim utan statsstøtte.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det vert neppe noko flyrute til Trondheim frå Ørsta og Volda lufthamn utan statsstøtte.

Lufthamnsjef Sverre Bae fortel at signala frå kommersielle aktørar er at det ikkje vil vere lønsamt å ha fly til Trondheim utan at staten medverkar med kjøp av flysete.

– Dermed er dette eit politisk spørsmål, seier Bae. Han opplever ofte førespurnader om det kan kome eit tilbod om flyrute også nordover.