Sesongopning på Bondalseidet

Laurdag opna Ørsta skisenter for første gong denne vinteren.

Populært: Dei nye installasjonane i barnetrekket var populære under opningshelga på Ørsta skisenter. foto: Ørsta skisenter  Foto: Privat

Nyheiter

Til no har det vore ein snøfattig vinter, men laurdag var det endeleg grunnlag for å opne delar av Ørsta skisenter på Bondalseidet.

Det var barnetrekket og t-trekket til mast 7 som var ope.

På Facebook melder skisenteret om godt besøk både i traseane og i langrenssporet.

Dei nye installasjonane (daiperboxar) i barnetrekket var populære både for dei minste og dei litt eldre.

Også Volda skisenter hadde sesongopning i førre veke. Her er det familietrekket som er ope. Det er ikkje nok snø til å opne det store trekket.

Vil skape eit endå betre tilbod ved Ørsta skisenter

Mats satsar på skikafeane

– Eg ynskjer å skape ei best mogleg oppleving for gjestane på kafeane her på Bondalseidet, og dette er noko som eg har lyst til å drive med.