Presisering om ny veg på Ose

Ordførar Stein Aam presiserer at ny sambindingsveg på Ose ikkje skal gå via Smådalane.

kart: Ny sambindingsveg på Ose. Hansholen, Eliholen og Andersholen vert tilknytt Melsvegen med ein heilt ny veg.  

Nyheiter

I Møre-Nytt torsdag skreiv vi at ny sambindingsveg for Hansholen, Eliholen og Andersholen skal gå via Smådalane til Melsvegen. Det rette er at vegen skal gå i området ved Smådalane, men at det vert ein heilt ny veg.


Samfunnsutvalet inviterer til høyring om fartsdempande tiltak i Osgeila

– Infrastrukturen på Ose er forsømt

30-sone og fartsdempande tiltak skal gjere Osgeila sikrare.


Kommunen har ein reguleringsplan frå 1974 som viser dette. Reguleringsplanen er forelda, og Stein Aam fortel at dei no vil starte arbeidet for å få ein ny og godkjent reguleringsplan for området, basert på den gamle. I budsjettet for neste år er det lagt inn 250.000 kroner for eit forprosjekt for ny veg, som skal avlaste den trafikkerte Osgeila. I Økonomiplanen for 2018 og 2019 ligg der inne til saman fire millionar kroner til vegføring frå Ose til flyplassen.

– Dette er ikkje nok ikkje nok, men det er ein god start, seier Aam.