Frå Sæbø til Ålesund

I fjor sommar tok Aina Aalen Bjerkvik over som hotelldirektør ved Sagafjord hotell. No er 45-åringen tilsett som hotelldirektør ved Radisson Blu Hotel Ålesund.

Skiftar beite: Aina Aalen Bjerkvik og Jane Hustad utgjorde leiarteamet ved Sagafjord hotell. Bjerkvik har takka ja til stillinga som hotelldirektør ved Radisson Blu Hotel Ålesund. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Aina Aalen Bjerkvik hadde von om å bli i jobben som hotelldirektør ved Sagafjord hotell lenge då ho tok over stillinga i fjor sommar, men no er det klart at Bjerkvik vert ny hotelldirektør ved Radisson Blu Hotel Ålesund.

– Radisson Blu er ei solid hotellkjede som er inne i ein spennande fase med store investeringar. Då Radisson Blu Hotel Ålesund tilbaud meg stillinga som hotelldirektør, måtte eg gripe moglegheita, seier hotelldirektøren i ei pressemelding.