Det er i alle fall ønsket frå samfunnsutvalet, som dei vil sende vidare til handsaming og vedtak av Statens vegvesen, som har ansvaret for skiltplanane i fylket, etter at bebuarane i området er høyrde.

Synfaring

Tysdag hadde leiar i utvalet, Inge Kolås kalla inn til møte og synfaring for å diskutere trafikktrygging i Osgeila. Lite har skjedd i saka sidan administrasjonen i Ørsta kommune i mai kjende seg sjølve ugilde, då rådmannen bur i det aktuelle området. No vil samfunnsutvalet få på plass midlertidige løysingar i påvente av at nye sambindingsvegar skal lette trykket på Osgeila.

Lensmann Guttorm Hagen var også til stades. Han seier at trafikken i området har auka mykje dei siste åra.

– Infrastrukturen i området er forsømt. Det er ein gamal og komplisert historikk i saka, men eg vil oppmode om at gamalt grums vert lagt bak oss, og at vi ser framover for å finne tenlege løysingar for framtida. Det er Ose sin tur no, meiner eg, sa lensmannen.

Han støttar samfunnstuvalet sine tankar for midlertidige tiltak i geila.

– Fartsdempande tiltak vil gjere gjennomkøyring mindre populært.

Høyring og folkemøte

I det samrøystes vedtaket frå samfunnstuvalet skriv dei mellom anna at dei ønskjer å oppheve skiltplanen i området Osgeila/Andersholen/Eliholen/Hansholen. Dei rår til at vegvesenet ser på området tilstøytande Osgeila som ei eining, og at Osgeila ikkje vert stengt for intern gjennomgangstrafikk. Dei rår til at det vert innført 30-sone i heile området som det midlertidige vedtaket omfattar. Vidare ønskjer dei at det vert plassert tre fartsdemparar i Osgeila (to på flata nede, og ein i området Andersholen/Eliholen/Hansholen).

Framlegget skal verte sendt til høyring til bebuarane i området, og dei kan medverke til plassering av fartshumpane i høyringa og på eit ope møte, der også lensmannen skal delta.

Dei ønskjer også å flytte gjennomkøyring forbode-skilta, slik at folk som køyrer inn i området, på eit tidlegare tidspunkt vert klar over at Osgeila ikkje er open for gjennomkøyring av ekstern trafikk.

I vedtaket skriv dei også at Ørsta kommune i vinterhalvåret alltid skal ha fokus på strøing/salting i Osgeila, og at dei skal etablere ei ekstra sandkasse i nedre del av bakken for å kunne medverke til avbøtande tiltak i glatte periodar.

Nye vegar

– Dette er nok det beste vi kan gjere med situasjonen på noverande tidspunkt, sa ordførar Stein Aam, som var til stades på møtet.

Han seier at dei no vil forsere planane om å bygge nye sambindingsvegar i området, for å betre trafikksituasjonen permanent.

– Med ein nesten 500 meter lang og ny veg frå Hansholen/Eliholen, ned området ved Smådalane og til Melsvegen, vil Osgeila få god avlasting. Ser vi større på det, og tek med at det no skal kome ny veg over elva frå Melsgjerdet industriområde, og tek med planane om ein sambindingsveg mellom Rystefeltet mot flyplassen, så ser eg konturane av noko stort og flott for Ørsta kommune. Dette kan legge grunnlaget for nye byggefelt og auka trivsel. Eg kan love at eg vil halde oppe trykket, for meg er dette brennaktuelle saker.

I årets budsjett er det sett av 250.000 kroner til forprosjekt for ny sambindingsveg frå Ose til Melsvegen.