Amfi vil kjøpe areal

Amfi har ambisjonar om å utvide i Ørsta, og vil sikre seg areal rundt senteret. Stein Aam satsar på bygging innan to-tre år.

Ny utsjånad: Slik ser Amfi Ørsta ut i dag. Mykje tyder på at utforminga etter utvidinga blir ei heilt anna. 

Nyheiter

– Dersom du seier fire-fem år, så er eg litt meir optimist. Eg håper dei kan kome i gang innan to-tre år, sa ordførar Stein Aam (Sp) til den noko meir avmålte sakshandsamaren, ass. rådmann Eldar Rune Øye, under formannskapsmøtet tysdag.