Erling hjelpte Kirsten

– Tusen takk, Erling. Du hjelpte meg ut av ei knipe.

Varmt møte: Erling Tvergrov og Kirsten Marie Ørstavik møttest laurdag, og Kirsten fekk takka Erling for gesten på Rema 1000 tidlegare i veka. 

Eg sa til ekspeditøren at eg kunne betale, slik at du fekk med deg varene. Eg såg føre meg sjølv i same situasjonen, og tenkte at dette var lite hyggjeleg

Nyheiter

Det seier jordmor Kirsten Marie Ørstavik (79) til Erling Tvergrov (35).

Det var Erling som førre fredag hjelpte jordmor Kirsten ut av ei knipe då ho opplevde at betalingskortet hennar ikkje fungerte hos Rema 1000. Medan Kirsten stod rådvill, og vurderte om varene ho skulle kjøpe måtte setjast tilbake til hyllene, betalte Erling for henne, og Kirsten fekk med seg varene heim.


«Kven betalte varene mine?»

– Eg ynskjer gjerne å kome i kontakt med den mannen som fredag kveld hjelpte meg ut av ei knipe hos Rema 1000, seier Kirsten Marie Ørstavik.

 

– Såg føre meg sjølv i same situasjon

– Eg såg at du hadde problem med betalingskortet, og at du gjekk til sides. Eg sa til ekspeditøren at eg kunne betale, slik at du fekk med deg varene. Eg såg føre meg sjølv i same situasjonen, og tenkte at dette var lite hyggjeleg. Det var ikkje den store summen, og då bestemte eg meg for å betale varene, fortel Erling.

Han sa til ekspeditøren at han skulle ta varene i ein pose, og gje posen til Kirsten. Sjølv ynskte han ikkje den store merksemda, og gjekk stille og roleg ut frå butikken.

Erling tenkte ikkje meir over dei 150 kronene han betalte for varene, før han fredag kveld vart merksam på at Kirsten etterlyste den hjelpsame mannen gjennom Møre-Nytt. Då vart det formidla kontakt gjennom Møre-Nytt, og laurdag møtte Erling jordmor Kirsten i heimen hennar.

Måtte sjekke arkivet

Kirsten var glad for å kunne takke Erling skikkeleg, og ho måtte sjekke i arkivet om det var ho som hadde teke i mot Erling ein aprildag på Volda sjukehus i 1981. Men den dagen var ikkje Kirsten på arbeid. Likevel, Erling og Kirsten fann tonen .

– Og no skal eg på basar. Eg skal ta lodd på ditt namn, insisterte Kirsten overfor Erling.