«Kven betalte varene mine?»

– Eg ynskjer gjerne å kome i kontakt med den mannen som fredag kveld hjelpte meg ut av ei knipe hos Rema 1000, seier Kirsten Marie Ørstavik.
Nyheiter

Den ukjende mannen sikra nemleg at ho fekk ha med seg handleposen heim.

Det var fredag kveld at Kirsten tok den elektriske rullestolen, og køyrde seg ein tur til Rema 1000.

– Eg var på jakt etter Sunlight-såpe, men då eg kom for å handle, hadde dei ikkje det. Då eg fyrst var på butikken, plukka eg med meg nokre andre varer eg hadde bruk for, og gjekk til kassa.

– Rekninga kom på kring 160 kroner, men då eg skulle betale, verka ikkje kortet. Det vart prøvd i fleire kasser, men det ville ikkje fungere.

– Eg vart rådvill, og gjekk til sides for å tenkje over kva eg skulle gjere. Skulle eg levere varene tilbake igjen, eller skulle eg høyre om eg kunne låne pengar frå nokon, fortel Kirsten.

Medan ho stod er og funderte, kom ekspeditøren i kassa bort til henne med varene i ein plastpose.

«Du kan berre ta varene med deg. Han som går ut der, betalte for deg», fortalde ekspeditøren.

Kirsten såg då akkurat ryggen på ein mann som gjekk ut utgangsdøra, og som berga situasjonen og kvelden for henne.

– Eg anar ikkje kven dette var, og eg er veldig takksam. Difor vil eg så gjerne kome i kontakt med denne mannen, takke han, og sjølvsagt betale pengane tilbake, seier Kirsten.