Møte om flaskehalsar for tømmertransporten

Tung transport: Tømmertransporten møter utfordringar på kommunale vegar. 

Nyheiter

Statens vegvesen, Møre og Romsdal Skognæringsforum og Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal halde eit møte om tømmertransporten sine flaskehalsar på det kommunale vegnettet.

Møtet vert halde på Ørsta rådhus onsdag 9. november, og representantar frå kommunane Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid er inviterte.Fylkesmannen, vegvesenet og skognæringsforumet har i samarbeid med Skogbrukets kursinstitutt starta prosjektet «Flaskehalskartlegging i Møre og Romsdal».

Målsettinga for prosjektet er å bistå kommunane med å få gjennomført oppskriving av veglistene opp mot det dei kommunale vegene faktisk tåler. Eventuelle flaskehalsar skal verte rapportert for seg sjølv. Agenda for møtet er mellom anna gjennomgang av vegliste, prioritert etter kor viktige vegane er for tømmertransporten.