To speleflater med moglegheit for utviding til tre speleflater og symjehall, prislapp på 80 millionar kroner, ferdigstilling i 2018 og avtale om kjøp av tomt ved Joplassen er linene som er teikna opp for Volda Campus Arena. Etter oppmoding frå Volda kommune har idretten ved KFUM Volda og Volda handball arbeidd med prosjektet for realisering av ein ny idrettshall i Volda. Fredag vart det klart at dei har fått med seg Sparebank 1 Søre Sunnmøre på laget. Kva slags finansieringspakke partane endar opp med er enno ikkje klart.

– Vi er enno på eit tidleg stadie, og vi har ikkje diskutert kronkrete beløp. Vi veit litt om kva skal til på tilsvarande prosjekt andre stader, og er villig til å gå inn med eit betydeleg beløp, sa administrerande direktør Stig Brautaset.

– Kommunen må ta ei aktiv rolle

Frå både banken og initiativtakarane si side vert det understreka at Volda Campus Arena er eit prosjekt som betingar at Volda kommune tek si rolle og jobbar aktivt for at prosjektet vert realisert. Slik idretten ser det føre seg skal finansieringa bestå av 20 millionar i spelemidlar, at kommunen sett av 30 millionar kroner i økonomiplanen for 2017/2018 og 30 millionar kroner frå idretten og samarbeidspartane.

Erlend Krumsvik (Krum Volda) og Johnny Kragset (Volda handball) har vore i hallgruppa som i kommunal regi har arbeidd med ny hall i Volda dei siste åra. Idretten har ikkje hatt sterke syn på plassering av hall i dette arbeidet, men no meiner dei at plasseringa ved Joplassen er den minst konfliktfyllte og den som dei fleste partane kan einaste om. Idretten ser føre seg at Volda Campus Arena skal nyttast av Øyra Skule, Volda ungdomsskule, Høgskulen i Volda og Volda vidaregåande skule. I tillegg skal hallen vere for topp- og breiddeidretten. Høgskulen i Volda kjem og inn i prosjektgruppa.

– Det er viktig å sjå synergiane og samspelet mellom ulike prosjekt. Her er mange spennande utviklingsmoglegheiter. Om vi får til samspelet mellom alle partane vert Volda kanskje den beste hallidrettskommunen i landet, sa Krumsvik.

Åtte minutt gange frå Volda vidaregåande skule

Gangavstanden frå Volda vidaregåande skule til Joplassen er åtte minutt, men initiativtakarane har fått signal om dette er innanfor det skulen kan akseptere.

– Målet er ferdigstilling i 2018, og det er to år og to månader til. Det er cirka det same tidsaspektet som Ulsteinhallen hadde. Det er fullt mogleg å få til, men det krev både kompetanse og entusiasme.

Både KFUM Volda og Volda handball har eit skrikande behov for meir plass og halltid, og klubbane har ambisjonar om å etablere topplag i sine idrettar. Nasjonale tuerningar er og eit mål å kunne arrangere i Volda med ny hall.

– Kor langt vi berer stafettpinnen er ikkje avklart, men no startar prosjektet. Dette er eit skikkeleg gjennomtenkt prosjekt og vi ynskjer å få med oss det politiske og administrative miljøet i prosessen vidare.

<strong>Pressekonferanse:</strong> - Erlend Krumsvik og leiar Rune Aarflot i KFUM Volda, Johnny Kragset, Anita Kragset og leiar Arild Bakke i Volda handball presenterte Volda Campus Arena fredag saman med Sparebank 1 Søre Sunnmøre og administrerande direktør Stig Brautaset.