Asfaltforviklingar i Ørsta

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Måndag vart delar av parkeringsplassen ved kulturhuset i Ørsta asfaltert opp att. Det gjekk stort sett etter planen, men ein bil vart ikkje fjerna før asfalteringa tok til.

Dermed måtte Veidekke rett og slett asfaltere rundt bilen, som framleis stod parkert på plassen måndag ettermiddag.

Veidekke presiserer overfor Møre-Nytt at dei ikkje opplever den parkerte bilen som eit problem, og at eigaren av bilen ikkje har gjort noko gale. Den resterande bota blir asfaltert så snart bilen er køyrt vekk.