-  Eg kastar litt meir mat enn eg burde gjere

Pia Øye (t.h.) ved matkastebordet i gågata i Ålesund, her i samtale med Elisabeth Riise Jenssen og Kristin Føyn Føyen frå Framtiden i våre hender.  Foto: Petter Sandvik.

Nyheiter

23 år gamle Pia Øye frå Volda vedgår at ho og sambuaren kastar litt meir brukbar mat enn dei burde gjere.

-  Eg skulle ha ønska at vi vart flinkare til å berekne porsjonar. Ofte lagar vi litt for mykje og må kaste mat. Det gjeld til dømes poteter og ris, fortel  ho, men underestrekar samstundes at dei på ingen måte er blant dei som kastar aller mest mat.

Pia Øye var torsdag innom standen som Framtiden i våre hender har i gågata i Ålesund under matfestivalen, i samarbeid med dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre – Årim, VØR og SSR.

På eit stort matkastebord er det lagt fram 46,3 kilo med matvarer. Dette tilsvarer den mengda med fullt brukbar mat som gjennomsnittsnordmannen kastar kvart einaste år.  At så mykje mat går rett i avfallsdunken, tykkjer Pia Øye er ille.

- Vi prøver heile tida å verte flinkare, slik at vi kan redusere menga mat som vert kasta, seier ho.

Handlar ein gong i veka

Pia Øye fortel at dei er ganske flinke til å planleggje innkjøp.

- Vi brukar å gå i butikken ein gong i veka og handle inn for ei heil veke, fortel ho.

Ho veit forskjellen på «siste forbruksdag» og «best før», og fortel at ho rett som det er opnar emballasjen og luktar på maten for å kjenne om den framleis går an å ete.

Et restemat

 - Og så et vi ofte restemat. Onsdag hadde vi steikt ball til middag, etter å ha ete kokt ball på tysdag.

Eit anna godt knep dei nyttar for å redusere kasting av brød, er å fryse ned oppskore brød og så ta ut etter kvart det ein treng til kvart måltid.