Undergangen skal stå klar neste år:

KA Aurstad får Ekset-kontrakten

Ekset: Her skal det kome undergang. 

Nyheiter

Statens vegvesen har inngått kontrakt med K.A. Aurstad AS om bygging av undergang og gang- og sykkelveg på E39 forbi Ekset.

Kontrakten er på 22.502.054 kroner eksklusiv moms. Vegvesenet opplyser at arbeida vil starte i fyrste halvdel av september, og anlegget skal vere ferdig hausten 2017.

Om prosjektet

Ved Ekset skal det byggjast ein undergang for mjuke trafikantar. Det skal i tillegg byggjast ein gang- og sykkelveg på om lag ein kilometer. Føremålet er å auke trafikktryggleiken, spesielt for gåande og syklande.

Det skal også kome veglys. To nye busslommer skal etablerast, og ei busslomme skal oppgraderast, alt til universell standard.Vidare skal det byggjast 160 meter støyskjerm.