Hovde leier Høgre

Tidlegare ordførar Rune Hovde er valt til ny leiar i Ørsta Høgre. Han blir også utsending til landsmøtet frå Møre og Romsdal Høgre.

Dobbelt val: Rune Hovde er både valt til ny leiar i Ørsta Høgre og som utsending frå Møre og Romsdal til landsmøtet i Høgre i april. Her talar han under fylkeårsmøtet i Høgre på Union Hotel i Geiranger i helga. foto: Stig Ove Voll 

Ørsta Høgre har spelt den leiande rolla i den snu- operasjonen som Ørsta kommune har vore gjennom

Nyheiter

Hovde vart valt under årsmøtet i Ørsta Høgre nyleg. Han tek over etter Per Are Sørheim.

– Årsmøtet vart avvikla i ein svært positiv tone. Valresultatet i kommunestyrevalet var godt, sjølv om vi denne gongen nok kjempa i motvind når vi ser på enkelte av dei nasjonale sakene som vart dregne inn i valkampen, skriv Ørsta Høgre i ei pressemelding.

Hovde var ordførar i Ørsta frå 2011 til 2015, ein periode der kommune gjekk gjennom store økonomiske utfordringar, og kjempa seg ut av Robek-lista.

– Årsmøtet var godt nøgde med at Ørsta Høgre har spelt den leiande rolla i den snuoperasjonen som Ørsta kommune har vore gjennom, og er trygge på at vi også i den komande 4-årsperoden vil markere oss som det mest seriøse og hardtarbeidande partiet i kommunestyret, heiter det i meldinga frå Ørsta Høgre.

Sørheim fekk takk

Inger Sandvik Sundnes held fram som nestleiar i lokallaget. Resten av styret består av: Birgitte Sætre, Hege Robudal Stenkløv, Fredrik Chr. Langlo og Anne Sølvi Vatne Bjørdal. Gruppeleiar i kommunestyret og avtroppande lokallagsleiar Per Are Sørheim møter også i styret.

Sørheim vart takka av for innsatsen sin som leiar i Ørsta Høgre.

 – Han har gjort ein formidabel innsats for å gjenreise Ørsta Høgre dei åra han har vore leiar for lokallaget.

Hovde til landsmøtet

Sist helg var det fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Høgre. Her vart Rune Hovde valt som utsending til Høgre sitt landsmøte på Gardermoen i april.

– Å verte vald som landsmøtedelegat er ei tillitserklæring, og eg vil der nytte sjansen til både å støtte opp under eit parti og ei regjering som leverer god politikk og gode resultat for landet, samtidig som det er ein viktig arena for å kunne løfte fram dei viktige lokale sakene, seier Rune Hovde i ei pressemelding.