Bygde legoby på eitt år –

19 år gamle Per Kristian Skjeret Mork har brukt eitt år på å byggje ein by i lego.

Detaljar: Per Kristian Skjeret Mork med legobyen han stilte ut under Ungdommens kulturmønstring. 

Nyheiter

Søndag viste Per Kristian fram kunstverket under Ungdommens kulturmønstring på Ørsta kulturhus. Det var mange som stoppa opp ved den heilt spesielle utstillinga.

– Eg har brukt ein del tid på denne hobbyen, og seinare i vinter skal eg på ei samling for legobyggjarar i Trondheim, fortel Per Kristian.

For han er hobbyen også arbeid, for han arbeider hos entreprenør Sandal i Furene, og der fekk han i oppdrag å lage ein reklamefilm for verksemda. Filmen synte han også fram på kulturmønstringa. Det er ein animasjonsfilm, der Per Kristian har knytt saman mange klipp med steinlegging i ein legolandsby.