Tek oppgjer med nettmobbarane

– Vi har opplevd det som krenkande at nokon heilt medvite har gått inn for å sverte oss.

Nettmobbing: Camilla Venes (18) og Kaisa Storborg Sæbønes (17) har vorte hengt ut på Jodel, anonymt. Dei unner ingen andre å verte utsett for nettmobbing, og tek no eit oppgjer mot nettmobbarane. – Om nokon har noko dei ønskjer å seie, så kan dei seie det til oss på ein skikkeleg måte. Vi har vore heldige og har gode vener og familie rundt oss, i tillegg til at vi har kvarandre. Vi kjem styrka ut av dette, men det er ikkje alle som er like heldige. Nettmobbing kan få alvorlege konsekvensar for dei som vert plaga, åtvarar dei. 

Jodel: Appen Jodel har vorte svært populært blant ungdomen. Her kan alle som vil skrive det dei vil, heilt anonymt. Dei som er innanfor ein radius på 10 kilometer kan lese det som vert skrive. 

Nyheiter

Camilla Venes (18) og Kaisa Storborg Sæbønes (17) har den siste tida opplevd sosiale medium si bakside. Via den populære appen Jodel, der folk kan poste anonyme meldingar, har dei vorte hengt ut i mindre hyggelge ordelag, med fullt namn. Dei veit ikkje kven avsendarane er, og seier at det er synd at nokon kan velje ein så feig måte å kommunisere på.

– Det verkar som om nokre får ei meistringskjensle av å skrive stygge ting om andre. At det får dei til å kjenne seg betre. Det seier vel meir om dei personane enn det seier om oss, meiner dei to.

Heldige

Nettmobbinga har gått føre seg i fleire veker, men oppi alt kjenner dei seg heldige.

– Vi kjem styrka ut av dette. Vi har kvarandre, og vi har fått solid støtte frå familie og vener. Samstundes veit vi at ikkje alle er like heldige som oss. Difor vel vi å seie ifrå. Det er på ingen måte greitt å oppleve dette. Ingen fortener å verte hengt ut på denne måten. Nettmobbing kan få alvorlege konsekvensar for dei det går ut over.

Ekkel kjensle

Appen Jodel er tysk, og er i utgangspunktet meint for at studentar skal kunne kommunisere med kvarandre anonymt på campus. Appen har ein radius på 10 kilometer, og alle meldingar som vert lagt ut i dette området vert synlege for alle brukarane.

– Det er svært mange på vår alder som bruker denne appen, og det er difor svært mange i Ørsta og Volda som har sett kva som har vorte skrive om oss. Ting som er direkte løgn. Det er ei ekkel kjensle, seier Camilla.

Kaisa er samd, men seier at dei positive tilbakemeldingane dei har fått etter at dei fortalde om nettmobbinga, veg opp.

– Kvifor bry seg om 15 negative kommentarar, når du får så vanvitig mange positive, seier ho.

Camilla og Kaisa trur ikkje alle foreldre er klar over kva ungane held på med på sosiale medium.

– Du kan ikkje kontrollere alt, men det er viktig å snakke om dette og bry seg. Nettmobbing kan øydelegge liv.

– Sei ifrå

Dei oppmodar fleire om å tore å seie ifrå.

– Ver den personen som tør å seie at dette ikkje er greitt, når du høyrer om nettmobbing. Det er på tide at vi gjer noko med dette. Ikkje legg skulda på andre. Dersom du ikkje seier ifrå er du minst like skuldig som den som skriv dei stygge meldingane.

Camilla og Kaisa har også vore i kontakt med politiet om saka. Dei håper at også dei vil ha eit større fokus på dette i tida framover.

– Om vi så får berre éin person til å tore å stå opp mot nettmobbing, så er vi nøgde. Vi håper dette kan gjere ein forskjell for nokon.

LES OGSÅ: Politiet: – Mobbing er straffbart

Fakta om Jodel-appen

- Lansert i Tyskland i oktober 2014. Appen var då retta mot studentar i same campus-miljø, som kunne utveksle anonyme meldingar med kvarandre.

- Alle meldingar er anonyme, og det er mogleg å sjå alle innlegg som er posta innanfor ein radius på 10 kilometer

- Appen har ei aldersgrense på 17 år, men alle som vil kan bruke han, fordi der ikkje er mogleg å legge inn brukaropplysningar.

- Det er mogleg å gi pluss- og minuspoeng og kommentere andre sine innlegg.

- Etter fleire tilfelle av mobbing og truslar har Jodel gått ut med ei melding om at alle brukarar er anonyme for kvarandre, men at Jodel samarbeider med politiet, og vil gi frå seg opplysningar om brukaren dersom det vert framsett alvorlege truslar.

LES OGSÅ: Jodel stengt fleire stader i landet