Genialt og rimeleg

Otto-Jarle Lødemel har på kort tid vorte ein lokal helt innan reparasjon av bilbulkar.
Nyheiter

Ikkje så rart: med ein heilt spesiell teknikk reparerer Lødemel bulkar på bilar både raskt og langt rimelegare enn den tradisjonelle måten å reparere på.

Metoden til Lødmel heiter på dårleg nynorsk «smart repair». Utbetring av ein liten bulk i karosseriet kan normalt koste 10.000 grunna kostbar lakkering og sparkling. Smart-repair-metoden kan fikse den same småbulken for berre nokre få tusenlappar. Skilnaden i resultat mellom tradisjonell metode og den langt rimelegare metoden er ikkje synleg.

– Med meg starta det heile med at kona mi bulka bilen vår. Då fann eg fram til ein opprettingsmetode som fascinerte meg. Sidan har det berre klaka på seg, fortel Lødemel.

Han fann først ut om denne opprettningsmetoden for to år sidan då han søkte på nettet etter verktøy for oppretting av større bulkar.

– Eg søkte på utanlandske sider, og det var då eg fann fagfolk innan dette yrket som retta opp bulkar etter blant anna haglskadar. Dette fascinerte meg, og eg byrja å studere teknikken nøye. Kort tid etter bestemte eg meg for å satse på dette og prøve å lære meg teknikken, fortel Lødemel. Han er utdanna landbruksmekanikar og er til dagleg pulverlakkerar på Vik Ørsta.

Utstyr

Lødemel kjøpte utstyr frå ulike utsal frå fleire land. Lødemel kjøpte også læreverk som ein mann frå USA har produsert.

– Denne karen er ein av dei beste i USA innan faget, og har to år på rad vunne høgthengjande prisar. Han inspirerte meg også til å lage mine eigne verktøy for å fikse større og meir krevjande bulkskadar. Dette er ein stor fordel då eg kan spesialforme verktøy slik at det passar til bulken eg skal massere ut. Dette gjer at eg rettar bulkar som er vanskeleg å rette med verktøy som er å få kjøpt, forklarar Lødemel.

Første året trena han på lause karosseridelar og på bilar i vennegjengen.

– Eg må vedgå at dette ikkje var lett å få i fingrane, og ikkje minst å forstå korleis ein skulle angripe bulken for å få han perfekt oppretta. Og det var fleire gonger eg lurte på om dette var det rette for meg å halde fram med. Men heldigvis så er eg for sta for å gje opp når eg først har satsa på noko, seier Lødemel som takkar familie og venner for at han no har etablert seg som bulkopprettar med mobilt utstyr.

I jula i fjor bestemte Otto-Jarle, med stor støtte frå kona, for å etablere firma og ei nettside – og satse for å gjere seg synleg for potensielle kundar. Det gjekk ikkje lenge etter lanseringa før førespurnadene ramla inn frå både private kundar og frå bilforhandlarar. Og no står oppdraga i kø med kundar frå heile regionen. Sandven Ørsta, Bil & Gummiservice og Bjørdal Bil er mellom bedriftskundane.

– Otto-Jarle er svært dyktig, og for oss bilforhandlarar er han ei nyvinning. Han er kjapp og rimeleg. Vi hadde ikkje hatt høve til å ha ein eigen mann i bedrifta til å drive med «smart repair»-metoden, seier dagleg leiar Kjell Snipsøyr på Sandven.

Otto-Jarle Lødemel har til no teke på seg nær tusen oppdrag, og framover ønskjer han å satse endå meir.

– Marknaden er stor og det er berre opp til meg sjølv kor mykje eg vil gjere ut av dette, seier Lødemel som har oppretta Facebook-sida Bulkut.