Den første statsråden frå Volda/Ørsta i nyare tid

Jon Georg Dale (31) frå Dalsfjorden er ny landbruks- og matminister.
Nyheiter

Onsdag føremiddag kom Jon Georg Dale (Frp) ut på Slottsplassen saman med statsminister Erna Solberg og resten av regjeringa.

Dalsfjordingen er nyutnemnt landbruks- og matminister, og den første statsråden frå Volda eller Ørsta i nyare tid.

Han blir også den yngste statsråden i Regjeringa Solberg, og, etter det Møre-Nytt forstår, den yngste mannlege statsråden nokon gong. Berre Hadia Tajik, som var 29 då ho tok over som kulturminister, har vore yngre.

Dale kjem frå stillinga som statssekretær i Finansdepartementet, der han var vore den høgre handa til finansminister Siv Jensen. Han har tidlegare vore statssekretær i Samferdsledepartementet og politisk rådgivar for stortingsgruppa til Framstegspartiet.

– Han er ein veldig ung mann - berre litt over 30 år - og går for å vere ei komande stjerne i Framstegspartiet, sa Kristin Clemet, leiar for den liberale tankesmia Civita, på Dagsnytt 18 på NRK tysdag.

– Jon Georg Dale har vore ein av Siv Jensens næraste som statssekretær i Finansdepartementet, og blir sett på som ein lojal og dyktig politikar, som har vore ein bakspelar i dei to første åra til regjeringa, sa politisk kommentator Lars Nehru Sand i NRK under statskanalen si direktesending onsdag føremiddag.

Han vart valt inn i kommunestyret i Volda i 2003. Då var han 18 år gammal. Dale har vore både gruppeleiar for Frp i Volda og fylkestingsmedlem.

Dale har fagbrev i kjøtskjering, og er odelsgut på Dale i Dalsfjorden.

Det har vore éin statsråd frå Ørsta/Volda tidlegare, men Jon Georg Dale er den første i nyare tid.

Olav Martinus Knutson Steinnes var kyrkje- og skuleminister i Christopher Hornsrud si arbeidarpartiregjering. Regjeringa fekk under tre veker ved makta, og sat frå 28. januar til 15. februar 1928. Steinnes var fødd og oppvaksen på Ytre Steinnes i Ørsta, men flytta frå bygda i vaksen alder.