Feirar dobbelt jubileum

– Eg er utruleg stolt over det far min starta opp for snart 40 år sidan.

40 og 25: Rotevatn Trafikkskole feirar 40-årsjubileum i 2016, samtidig med at dei markerer at det er 25 år sidan dei starta samarbeidet med Bil og Gummuservice i Hovdebygda. Det markerer med å gi vekk ein bil til ein av elevane. På bildet: Kjell Erik Rotevatn i Rotevatn Trafikkskule og Henning Chr. Myklebust i Bil og Gummiservice. 

Nyheiter

I 1976 starta John Rotevatn opp som trafikklærar i Volda.

– Det var ikkje så mange som dreiv i denne bransjen den gongen, og alle var einmannsskular med éin bil og éin sjåfør, seier Kjell Erik Rotevatn, son til John. Kjell Erik flytta heim og starta i familieverksemda i 2005. Ikkje lenge etter kjøpte Rotevatn opp Ulstein Trafikkskule i Ulsteinvik. Men det er først dei fire siste åra Rotevatn Trafikkskole verkeleg har vakse.

– Det har eksplodert etter 2011. No har vi sju lærarar og jobbar i heile regionen. Det gjer ein stor skilnad å vere så mange. No har vi eit fagmiljø der vi kan diskutere med kvarandre og gjere kvarandre betre.

Dobbel feiring

Neste år feirar Rotevatn dobbelt jubileum. Det er 40 år sidan køyreskulen vart starta og det er 25 år sidan dei starta samarbeidet med Bil og Gummiservice i Hovdebygda.

– Vi har rekna på det. Vi har hatt 24 bilar og køyrt 2,3 millionar kilometer på desse åra, forklarer Rotevatn.

– Utan driftsstans, skyt Henning Chr. Myklebust, dagleg leiar i Bil og Gummiservice inn.

– Vi har slått fast at vi alltid skal tilby elevane det nyaste, tryggaste og beste bilane. Det er ein grunn til at vi har halde oss til Opel og Bil og Gummiservice alle desse åra. Vi får ein fantastisk service her, seier Rotevatn.

Gir vekk bil

Dobbeltjubileet blir markert med eit skikkeleg slag på stortromma.

– Vi skal rett og slett lodde ut ein bil. Alle som er elevar hos oss mellom 1. januar og 20. desember, er med i trekninga av bilen. Eg synest dette er eit flott tiltak, fordi det gir ein lokal ungdom ein trygg og sikker bil når han eller ho skal byrje å køyre åleine, seier trafikklæraren.

– Bilen er ein Opel Adam, med det siste at utstyr og tryggleiksutrusting, seier Myklebust.

PS: I ein tidlegare versjon av denne saka, skreiv vi feil fornamn på John Rotevatn. Møre-Nytt ber om orsaking for feilen.