– Dette er fantastisk. Det bur så mange snille folk her, og vi føler oss veldig velkomne, seier Jihad Fozat Hennawi til Møre-Nytt.

Jihad, Ahmed Abuljalil Alomar og Mahmud Sami Dasho er dei tre første flyktningane som er busette på Vartdal. Dei tre syrarane har budd i Noreg i mellom ni månader og eitt år, og kom til Vartdal i august.

Festen på Soltjeld søndag ettermiddag var eit kjærkome pusterom frå ein oppheita debatt om flyktningar og asylsøkjarar i Noreg og Europa. Her var det ikkje snakk om å stenge grenser eller å byggje murar, men heller å opne armane for dei tre nye vartdalingane.

– Eg er jo så lettrørt. Dette er verkeleg over all forventning. Her får syrarane sitt første møte med eit skikkeleg sunnmørsk kakebord, seier Karen Longva Buset. Ho og Monica Amundsen Sætre tok initiativet til velkomstfesten.

– Vi ser jo alle kva som skjer rundt oss, og mange har lyst til å bidra. Vi tenkte at det beste vi kan gjere er å skape ein arena der vi får møte kvarandre. Eg håper denne samlinga bryt ned avstanden mellom folk, og gjer det enklare å ta kontakt seinare, seier Buset.

Kompis

Jihad, Mahmud og Ahmed har allereie fått ein kompis på Vartdal, og han heiter Edvin Aarseth. Under festen på Soltjeld tok Aarseth dei tre med opp på scena for å presentere dei.

Fiskebåtreiaren hadde til og med prøvd å lære seg nokre gloser på arabisk, men dommen frå Jihad var knallhard.

– Eg trur nok min norsk er betre enn hans arabisk.

Jihad og Ahmed er begge ingeniørar, medan Mahmud er målar.

– Eg har sett mange bygningar i Ørsta som treng måling, seier Mahmud lattermildt til Møre-Nytt med Jihad som tolk.

Dei tre kom til Noreg kvar for seg, og fortel om strabasiøse reiser. Jihad vart til og med fengsla i Syria medan han dreiv med hjelpearbeid før han rømde frå landet.

No har dei tre slått seg til ro på fredelege Vartdal, og dei er klare på kva favoritthobbyen er:

– Vi likar veldig godt å fiske på kaia. Og så har vi gått nokre turar på fjellet, men fjella rundt om her er veldig høge, seier Mahmud.

Norskkunnskapane til dei tre blir også betre og betre.

– Vi prøver så godt vi kan. Då eg var i Ålesund lærte eg bokmål, men her i Ørsta lærer eg nynorsk. Det har vore litt vanskeleg å skifte. Nynorsk er vanskelegare enn både russisk og engelsk, seier Jihad.

På individnivå

Longva Buset meiner det er viktig å ta diskusjonen om flyktningar og integrering ned på individnivå.

– Når vi får møte desse menneska og bli kjende med dei går også integreringa betre. Det var det vi ønskte å leggje til rette for i dag.

No framover blir Jihad og Ahmed knytte endå tettare til Vartdal og Ørsta. Ahmed startar nemleg i praksis i barnehagen på Vartdal denne veka, medan Jihad skal i praksis på Nille-butikken på Amfi i Ørsta.

Til festen kom også mange av dei norske som har flytta til Vartdal den siste tida. Vartdal generasjonskorps stod for underhaldninga saman med Venche Vartdal Leite og Levi Leite.

– Eg oppmodar andre bygder i same situasjon om å ha eit slikt arrangement. Det er fantastisk å sjå kor flinke folke er til å bidra, seier Karen Longva Buset.