Norangsfjorden i britisk storavis

Har over 100 millionar lesarar i månaden.

Faksimile frå nettsidene til Daily Mail.  

Nyheiter

Den britiske tabloidavisa Daily Mail, som har over 100 millionar lesarar på nettsidene sine kvar månad publiserte måndag ein stor serie med foto tekne frå kanoen til Tomasz Furmanek. Artikkelen er delt 2.200 gonger frå nettsida og har fått 38 kommentarar.

Det første bildet i serien er frå Norangsfjorden, med hurtigruta MS Nordlys i forgrunnen og Skår i bakgrunnen.

Tomas Furmanek kjem opphavleg frå Polen, men bur i Bergen. Han reiser landet rundt med kajakken og kameraet sitt. Dei andre bilda i serien er mellom anna frå Lofoten, Nærøyfjorden, Sognefjorden og Sotra.

Les meir hos Daily Mail.

LES OGSÅ: Her er Pippa på tur i Sunnmørsalpane