Hamneparken eller Tussaparken

Er det like lett å skifte namn som å skifte skjorta?

Finn Ørstavik meiner at namnet framleis må vere Hamneparken.  Foto: Roy-Arne Folkestad/Arkiv

meiningar

Eg som trudde at det å gi barnet namn var ei alvorleg greie. Om det dreier seg om personnavn, merkenamn eller geografiske namn så krev det omfattande gransking og vurdering før ein tar ei avgjerd. Men slik er det visst ikkje i Ørsta kommune.

Møre-Nytt melder vi skal få ei stor oppgradering av Hamneparken med kostnad på opp til 10millionar norske kroner. Det er gledeleg nytt dette og også at Tussa vil bidra med eit par millionar. Men fortener dei då at dei får sitt namn på området? Og kva med å ta i bruk noko av midlane til den høgt prioriterte fjordpromenaden?


Millionar til Vikeparken, som blir Tussaparken

Til 17. mai 2021 skal Vikeparken framstå i ny skrud, med diger geoball, trampoliner, vassleikeområde, klatrestativ og mykje anna kjekt. Og parken får det nye namnet Tussa-parken.


Tussaparken skal det heite etter dette, høyrer vi.

Hamneparken er eit godt. Innarbeidd namn. Det vert nytta av folk flest og gir Ørsta eit maritimt preg, samstundes som det heidrar ein årelang frivillig innsats frå Småbåtlaget sine medlemer.

Ørsta kommune har ignorert dette. Dei nytter konsekvent namnet Vikeparken om området og hevdar at det er ei naturleg avleding av poststaden Ørstavik. Vi har namn som Vikefjørå, Vikevoren, Vikemarka og Vikelva. Men dette er ikkje avlede av Ørstavik men av den opprinnelege storgarden og borgarsetet VIK. Det er vel berre ikkje-ørstingar og innflyttarar som kan finne på å bruke Vikeparken som namn på eit område som frå gamalt av alltid var omtalt som Øyrane.

Nei, hald fast på namnet Hamneparken. Det må finnast andre måtar å gi honnør til Tussa på i samband med jubileet dei skal feire. Og er det så sikkert at dei sjøl ønskjer å få namnet sitt knytt til dette området? Eg tvilar. Det har ingen tilknytning til vasskraft og deira bidrag til utvikling av parken er lite i forhold til den innsatsen dei gjer på andre område.