Kvifor badar skjora i maurtuva?

  Foto: Arne Ola Grimstad

meiningar

Det er mange måtar å nyte velvære på. Eg kan vere open og ærleg å vedgå at det er absolutt ein nytelse verte kleia på ryggen (ikkje av kven som helst, sjølvsagt). Grisen meiner sikkert det same som meg, og eit lite lam kan verte heilt tamt ved å verte kleia nokre gongar under haka. Andre dreg på SPA, kva no det er for noko. Det skal kjennest godt, seier dei med vit på det, og det gjer sikkert godt også.

Desse flygande gespensta på biletet har ei litt spesiell form for kroppspleie og truleg nytelse. Dei tek maurbad. et vil seie: Dei let småkryp som vi - i følgje skrifta - skal hente lærdom frå. Rett ovanfor huset er der ei brukbart diger maurtue. Hit kjem ofte flygandeakrobatar for å ete ei nebbfull av syrlege, men sikkert nærlingsrike innbyggarar.

Og skjora er ikkje noko unntak; berre det at ho nyttar maurane til noko anna enn mat. Av og til set ho seg ned på tua og romsterer så pass at innbyggarane i det store samfunnet går i forsvarsmodus. Det er det skjora vil, for då plukkar ho maur etter maur og puttar dei sprellande, illsinte og maursyrehaldige arbeidarane inn i fjørhamen, særleg under vengene. I all regnbløyta dei siste vekene har det vore smått med sol og varme, og maurtuva har lege still, tilsynelatande utan liv og røre. Men no måndag dukka sola fram. Himmelen var blå, og det svartna av maudrpå toppen av tua. Då kom skjora. Ikkje berre ei, men fem på det meste, og alle hadde det annsamt med å plukke maur inn under fjørene. Dei vrengde vengene, sprikte med stjertfjørene, riste på seg og såg ut til å nyte SPA-tilværet.

Og neste spørsmål er klart: Kvifor? Svaret er at skjora, tillike med dei fleste andre villfuglar, har småkryp frå før i fjørhamen, lus eller midd eller kva vi skal kalle dei. Og desse irriterer verten. Så då har skjora funne ut at ein liten hær med skogsmaur kan vere økologisk insektspestisid av beste slag. Om det er maursyra som tar knekken på lusa, eller mauren som forsyner seg av lusa som mat, er ikkje ekspertane sikre på. Men at skjora, truleg tillikes med andre fuglar, tek maurbad, er tydeleg.

Ein ide til visse institusjonar som haustatida kjempar mot lus i håret?