Banda mellom Sunnmøre og Trøndelag vert tettare og tettare- anten vi likar det eller ikkje (dei fleste sunnmøringar kan betakke seg). Helsevesenet er berre eit av samfunnsområda der vi er plasserte i «Region-Midt».

Men å kome seg til den påtvungne regionhovudstaden Trondheim er ikkje enkelt. Med bil er det ei dagsreise, å ta buss er ikkje noko reelt alternativ, og den som skal ta fly må både ha god tid og god råd.

Det har ikkje mangla på initiativ herifrå for å betre flytilbodet, men det har blitt tala for døve øyrer.

No prøver både Næringskontoret og kommunen seg på nytt. I ei tilråding, basert på råd frå Næringskontoret, foreslår administrasjonen i Ørsta kommune at staten opnar opp for direkterute mellom Ørsta-Volda og Trondheim.

Staten sit på nøkkelen her sidan det trengst støtte gjennom FOT – ordninga der staten kjøper flyruter frå flyselskapa. Forslaget går ut på ein morgonavgang frå Ørsta-Volda med retur om ettermiddagen, altså ei rute som sikrar at det er råd å kome seg til Trondheim, utføre ærendet til dømes på St. Olavs, og så kome seg tilbake på ein dag.

Kommunikasjonstilbodet mellom Søre Sunnmøre og Trondheim er for dårleg. Samstundes er det mange som er nøydde til å reise, og mange av dei reiser på staten si rekning i ei eller anna form. Ei direkterute mellom Søre Sunnmøre og Trondheim vil difor vere ein samfunnsøkonomisk vinn- vinn situasjon.

Når styresmaktene først gjer alt dei kan for å gjere sunnmøringar til trønderar, må dei ta konsekvensen og betre flytilbodet til Trondheim