– Det er ei vidareføring og bokserien vert utvida. Det omtrent same tal på bilete, sider og personar som i dei førre utgåvene. Det vert enno meir tilbakeblikk, og dette er ein fotodokumentasjon av det som skjedd i kommunen, seier redaktør og kulturkoordinator Jostein O. Mo.

Fleire jubileum

2013 har vore eit år med fleire jubileum, og dette er også noko som årets Ørsta-album ber preg av.

– Vi prøver å vere tidsaktuelle, og i år er det Ivar Aasen-jubileum, statuen vart sett opp for 60 år sidan, og Idavollen kom på plass for hundre år sidan. Det er alltid nye tema å ta tak i, og mange folk kjenner seg att når dei ser i Ørsta-album. Gjenkjenningsfaktoren er viktig, i tillegg til lokalhistoriske fakta rundt ting som har skjedd.

Som ved tidlegare utgåver er det Kjell Rune Klubbenes som har formgjeve Ørsta-album.

– Kjell Rune har gjort fagarbeid, og det er viktig for å få dette i hamn, seier Mo.

– Bilete som aldri har vore på trykk

For å kunne kome i mål med Ørsta-album ligg det eit omfattande gravearbeid bak. Bileta kjem frå fleire private fotoarkiv og avisarkivet til Møre-Nytt, og spenner seg over meir enn hundre år i tid. I Ørsta-album nummer 13 er det også bilete som ikkje har vore på trykk tidlegare.

– I samband med Ivar Aasen er det m.a. spennande bilete innvendig frå gamlehuset. Desse bileta har ikkje vore på trykk før. I tillegg er det bilete frå Ørsta konfeksjonsfabrikk frå 1920 som er eit tema, og eit anna tema er Grepa-komfyrar.

I år spenner bileta i Ørsta-albumet seg frå 1865 og fram til 2013.

– Bilete frå 1865 er truleg det eldste personbilete frå Svendsen garden.

– Kan ikkje stoppe på 13

Arbeidet med Ørsta-album er ein del av jobben til Mo i Ørsta kommune, og truleg vert ikkje utgåve nummer 13 den siste utgåva.

– Arbeidet går vidare, og vi kan ikkje stoppe på ulykkestalet 13. Folk må delta i dugnaden, og bileta som vert innlevert gjer at det vert laga nye tema, seier Mo.

Årets Ørsta-album er no i produksjonsfasen, og vil vere i butikkane omkring 20. november. Dermed er årets julegåve sikra for mange.